I 1848 skreiv nasjonalromantikaren Andreas Munch om at det 'aander en tindrende sommerluft varmt over Hardangerfjords vande'. Det kunne like gjerne ha vore ein skildring av denne dagen. Den har også vore tindrande med pluss 15 på det meste. Både vi og dei som held til i Stølavikjo har kosa oss (biletet). Held det fram slik montru?
(Foto: Ola Matti Mathisen)
Siste Nyhende
Kva skal vi kalla henne i år?
Det nærmar seg sommar og fonna i Manen er på plass. Men kva skal vi kalla henne i år? Kjem det nye forslag?
Småguttelaget til Rosendal/Uskedalen vann 12-3 over Trio på Rosendal Stadion, 4 uskedelingar er med på laget, dei er Sondre S. Myklebust, Karsten Haugland, Emil Bakke Berntsen og Martin Yri Røssland.
Kvartetten markerte seg på ein svært positiv måte ved å bidra til å scora halvparten av alle måla. Ved pause leia heimelaget 5-2. 6 strake mål kjempa gjestene i senk i andre omgangen. Neste heimekamp er 6. juni.
Engkarsen spreier seg utover Uskedalen og ein lesar ber oss som eit apropos til nype-saka tidlegare i dag skriva litt om ein annan blome som har vore nytta i medisinen. Det er engkarsen som no er å finna over nesten heile Neset og andre stader.
5 milligram nypeekstrakt om dagen reduserer smerter ved artrose (slitasjegikt) i knea. Det synar eit stort vitnskapeleg studie og det er ingen rapporterte biverknadar. Det opplyste professor i revmatologi Hans-Jacob Haga under møtet i Helgheim der han orienterte grundig også om bruk av naturmedisin mot denne lidinga.
Heile 30 lag var med påquizen på 17. mai. Med eit snitt på 8 - 10 medlemer på kvart lag fortel dette at nær på 300 personar var aktive med å finna svar på dei 22 spørsmåla. To lag gjekk til topps med 22 rette svar.
Det er ingen som bør hevda at det ikkje skjer noko i bygda vår med omsyn til både større og mindre byggverk. Ofte fortener dei små like stor merksemd som dei store og her er eit døme på begge.