Framsida
Uskedalen Utvikling
Tilbod i Uskedalen
Lag og organisasjonar
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende arkiv
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Nyhendearkiv

Sjeldne gjestar i garnet

Då Birger Legland trakk garna utanfor Skorpo på morgonkvisten
i dag fekk han opp 2 heller sjeldne gjestar. Det var St. Petersfiskar, og
eit raskt arkivsøk avslørar at  vi ikkje har skreve om fangst av denne
særprega fisken siden 2008 då Jan Henrik Hansen fekk ein i garnet
ved Flatholm.

 

St. Petersfisk (zeus faber på latin) er  eigentleg ein
framand fisk på våre breiddegrader men han har vorte meir vanleg på
grunn av varmare vatn.
Les meir19.05.2012

3 frå Odda berga ved Korsnes

3 kameratar frå Odda vart berga midtfjords utanfor
Korsnes i Uskedalen ved 20-tida i kveld. Dei vart kasta
ut av båten sin då den gjorde ein brå sving men det gjekk
bra takket være stor innsats av lokale båtfolk. Ein av de tre vart
innlagt på sjukehuset på Stord med kutt i begge beina,
Dei 2 andre er ikkje skada men naturleg nok sterkt prega av
det som skjedde.
Les meir18.05.2012

Feet er konkurs

Røyrleggjarfirmaet til Johannes Kaldestad Feet i
Uskedalen er konkurs. Det blir kunngjort i Kvinnheringen
i dag. Kaldestad Feet etablerte seg på eigen kjøl i 2008
etter mange år i Husnes Røyr og nærmare 20 år i
bransjen. Ved etableringa vart dette det tredje
røyrleggjarfirmaet i bygda.
Les meir18.05.2012

Streng haldning til masse-uttak i elva

Tor Sigve Sjo, som bur i Sæbøvik men er grunneigar her i bygda,
har søkt om å få fjerna 1200 kubikkmeter masse i Uskedalselva.
Det aktuelle området ligg nær utløpet  og like ovanfor campingplassen.
NVE krev  konsesjon etter  vassressurslova på bakgrunn
av skader eller ulemper for allmenne interesser. Det vil truleg ikkje
bli gjeve konsesjon.
Les meir18.05.2012

Auke i tilskotet til gardsbarnehagen

Kommunen har teke til fylgje klage frå ein av dei
ikkje-kommunale barnehagane og difor vert no
tilskottssatsane for dette året endra. Driftstilskotet
pr. heiltidsplass for små barn aukar frå 158 236 til 179166
og for store barn frå 77 300 til 87 733.
Dermed blir tilskotet til Dønhaug Gardsbarnehage  2 420  283
pr. år
Les meir18.05.2012

Bunads-huo funne

Renate Koløy har funne denne fine bunads-huo oppforbi
stranda ved skulen.

 

Det var då dei var på veg heim frå
skuleplassen 17. mai.
Les meir18.05.2012

Uskedeling kan byggja kraftverk snart

Uskedelingen Oddbjøn Kroka har fått ny frist for
oppstart av arbeidet med minikraftverket Lielva
Kraftverkk i Mauranger. Fristen no 25. mai 2017 og NVE gjer det
klart at det ikkje er gjeve høve til ytttarlegare utsetjing.
Imidlertid vil han starta byggjinga snart.
 
Les meir18.05.2012

Mista du tilbehør til bunad?

Etter feiringa av Nasjonaldagen vart det funne ein verdfull
gjenstand som høyrer til ein bunad.
 
Les meir18.05.2012

Hylla den norske rettsstaten

Tenk å få leva i eit land der det faktisk går an å sjikanera
landets statsminister såpass usakleg som bøndene har gjort
utan at nokon - aller minst  statsministeren sjølv - ville
finna på å meina at det ikkje skulle vera lov.

 

Dagens talar, advokat Bjarte Døssland, kom med denne ytringa
med utgangspunkt i biletet av statsministeren med ei høne
på hovudet. Det har vore utplassert også i Uskedalen.
Les meir17.05.2012
  Forrige
Neste  
Siste Nyhende
Kva skal vi kalla henne i år?
Les meir[20.05.2012]

Småguttane vann storsiger
Les meir[20.05.2012]

Vart nytta mot skjørbuk og mykje anna
Les meir[20.05.2012]

Nype er smertedempande
Les meir[20.05.2012]


Teljar
Sponsorar
Utvikla av iDrift AS