Uskedalen Utvikling Uskedalen Utvikling 2012-05-21T02:01:12+02:00 Nype er smertedempande 5 milligram nypeekstrakt om dagen reduserer smerterved artrose (slitasjegikt) i knea. Det synar eit stortvitnskapeleg studie og det er ingen rapportertebiverknadar.Det opplyste professor i revmatologi Hans-Jacob Hagaunder møtet i Helgheim der han orienterte grundig også om brukav naturmedisin mot denne lidinga. 2012-05-20T00:00:00+02:00 Vart nytta mot skjørbuk og mykje anna Engkarsen spreier seg utover Uskedalen og ein lesar beross som eit apropos til nype-saka tidlegare i dagskriva litt om ein annan blome som har vore nytta i medisinen.Det er engkarsen som no er å finna over nesten heile Neset og andrestader. 2012-05-20T00:00:00+02:00 Småguttane vann storsiger Småguttelaget til Rosendal/Uskedalen vann 12-3 over Triopå Rosendal Stadion, 4 uskedelingar er med på laget, dei erSondre S. Myklebust, Karsten Haugland, Emil BakkeBerntsen og Martin Yri Røssland. Kvartetten markerte seg på ein svært positiv måte ved å bidra til å scora halvparten av alle måla. Ved pause leia heimelaget5-2. 6 strake mål kjempa gjestene i senk i andre omgangen.Neste heimekamp er 6. juni. 2012-05-20T00:00:00+02:00 Kva skal vi kalla henne i år? Det nærmar seg sommar og fonna i Manen er på plass.Men kva skal vi kalla henne i år? Kjem det nye forslag? 2012-05-20T00:00:00+02:00 Sjeldne gjestar i garnet Då Birger Legland trakk garna utanfor Skorpo på morgonkvisteni dag fekk han opp 2 heller sjeldne gjestar. Det var St. Petersfiskar, ogeit raskt arkivsøk avslørar at vi ikkje har skreve om fangst av dennesærprega fisken siden 2008 då Jan Henrik Hansen fekk ein i garnetved Flatholm. St. Petersfisk (zeus faber på latin) er eigentleg einframand fisk på våre breiddegrader men han har vorte meir vanleg pågrunn av varmare vatn. 2012-05-19T00:00:00+02:00 Parkeringskaos skal unngåast Byggeprosjektet til SPAR utviklar seg raskt og er snart imålDet gjeld ogsådet utvendige og noko av det siste som har skjedd ermontering av det raude inngangspartiet.Det er riktig 'dekorativt'og iaugefallande og bryt monotonieni bygget.Ein annan sak som uskedalen.no har fåttspørsmål om er sjølve parkeringsplassen som så langt harhatt preg av eit visst kaos. 2012-05-19T00:00:00+02:00 Fullendte verk både lågt og høgt Det er ingen som bør hevda at det ikkje skjer noko i bygdavår med omsyn til både større og mindre byggverk. Ofte fortener dei små like stor merksemd som dei store og herer eit døme på begge. 2012-05-19T00:00:00+02:00 Griseri på Børnes Kven som eventuet har forsømt oppgåva si veit ikkje vi,vi,veit berre at det ikkje bør sjå ut slik det gjer rundtcontainaren på Børneskaia no. 2012-05-19T00:00:00+02:00 Ny suksess i Triostafetten Jentene til Uskedalen ILvann i dag Triostafetten for fjerde gong på rad. 2012-05-19T00:00:00+02:00 Vellukka quiz på Nasjonaldagen Heile 30 lag var med påquizen på 17. mai.Med eit snitt på 8 - 10 medlemer på kvart lag fortel dette at nær på 300 personar var aktive med å finna svar på dei 22 spørsmåla.To lag gjekk til topps med 22 rette svar. 2012-05-19T00:00:00+02:00 Mista du tilbehør til bunad? Etter feiringa av Nasjonaldagen vart det funne ein verdfullgjenstand som høyrer til ein bunad. 2012-05-18T00:00:00+02:00 Uskedeling kan byggja kraftverk snart Uskedelingen Oddbjøn Kroka har fått ny frist for oppstart av arbeidet med minikraftverket LielvaKraftverkk i Mauranger. Fristen no 25. mai 2017 og NVE gjer detklart at det ikkje er gjeve høve til ytttarlegare utsetjing.Imidlertid vil han starta byggjinga snart. 2012-05-18T00:00:00+02:00 Bunads-huo funne Renate Koløy har funne denne fine bunads-huo oppforbistranda ved skulen. Det var då dei var på veg heim frå skuleplassen 17. mai. 2012-05-18T00:00:00+02:00 Auke i tilskotet til gardsbarnehagen Kommunen har teke til fylgje klage frå ein av deiikkje-kommunale barnehagane og difor vert notilskottssatsane for dette året endra. Driftstilskotetpr. heiltidsplass for små barn aukar frå 158 236 til 179166og for store barn frå 77 300 til 87 733.Dermed blir tilskotet til Dønhaug Gardsbarnehage 2 420 283 pr. år 2012-05-18T00:00:00+02:00 Streng haldning til masse-uttak i elva Tor Sigve Sjo, som bur i Sæbøvik men er grunneigar her i bygda,har søkt om å få fjerna 1200 kubikkmeter masse i Uskedalselva.Det aktuelle området ligg nær utløpet og like ovanfor campingplassen.NVE krev konsesjon etter vassressurslova på bakgrunnav skader eller ulemper for allmenne interesser. Det vil truleg ikkjebli gjeve konsesjon. 2012-05-18T00:00:00+02:00