Og så var det vår att | | | | Årstidene stokkar seg ofte her på Vestlandet, Etter ei skikkeleg Austlandshelg vermessig sett har våren kome att, med slapseføre'og intens snøsmelting. som her på Kjerlandsido i føremiddag. Kva blir det neste? (Foto: Ola Matti Mathisen)
| | | | | |
|
Siste Nyhende |
16 uskedelingar i karusellrenn | 16 uskedelingar var med då Matre idrettslag sundag arrangerte karusellrenn nummer 2 denne sesongen i Fjellhaugen Det var også deltaking frå Uskedalen i barnerennet som gjekk før karusellen.
| | | Les meir | 06.02.2012 |
|
|
Takk frå basarnemnda | Basarnemnda til skulemusikken takkar alle bidragsytarane for premiane og her er dei som vann dei gjevaste:
| | | Les meir | 05.02.2012 |
|
|
80 på basar trass i snøstorm | 80 trossa snøstormen og gjekk på basar i Helgheim der det var mogeleg å vinna 122 gevinstar. Den tradisjonelle basaren som er den viktigaste, faste inntektskjelda ffor skulemusikken vart nok ein gong vellukka sjølv om basarnemnda hadde ynskt større oppslutnad. Men det var sikra 20 000 før siste runde i Helgheim og sluttresultatet vart grovt rekna 30 000 kroner. For 2 år sidan var resultatet 10 000 høgare.
|  | | Les meir | 05.02.2012 |
|
|
Ikkje overtaking men hjelpande hand | Slik komuneøkonomien har utvikla seg i den seinare tid har ikkje tekniske tenester i kommunen høve til å overta vedlikehaldet av grasbana på Heio kommande sesong. Dei er likevel positive til å strekkja ut ei hjelpande hand og avhjelpe i ein vanskeleg situasjon. Dette skriv saksbehandlar Ivar Kåre Døssland til idrettslaget, som skal ha årsmøtet sitt på Solheim Turiststasjon måndag kveld klokka 19. Der blir banespørsmålet eit sentralt tema.
|  | | Les meir | 05.02.2012 |
|
|
Ny rekord mogeleg for skulemusikk-basaren | Allereie før basaren til skulemusikken klokka 16 i morgon ettermiddag har iherdige loddselgjarar sikra rundt rekna 20 000 kroner til det gode føremålet. Det har skjedd både ved loddsal på SPAR og rundt i bygda og dermed bør det vera mogeleg å setja ny rekord for denne populære basaren. Og kva er så ny rekord?
|  | | Les meir | 04.02.2012 |
|
|
Matgleder på Feet | Elin og Geir Enes skal byggja ein driftsbygning for matproduksjon på 95 kvadratmeter i halvanna høgd på Nedre Feet og no har dei sendt søknad til kommunen. Elins Matgleder blir namnet og det føreligg ingen merknader frå naboar eller gjenbuarar. Det blir opplyst i søknaden at det bllir storkjøkken, butikk, lager og kontor. Hensikten er å utvide drifta på garden med catering og sal av gardsmat frå eigen butikk.
|  | | Les meir | 04.02.2012 |
|
|
Sundagsskule på laurdag framleis sant | I dag er det laurdag. Likevel er det sundagsskule på bedehuset og slik har det vore i 3 år. Leiar og eldsjel Nelly Kjærland utelukkar ikkje at dei vil gå attende til sundagsskule på sundag, men førebels er saka uavklart. Inntil vidare held ho fram med marknadsføring under slagordet Laurdagsskule pluss graut er sant.
|  | | Les meir | 04.02.2012 |
|
|
- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet | Saka om ny bustad for Else Djuve og Sigurd Arne Arnesen går vidare. Advokatfirmaet Harris i Bergen har skrive til kommuen om dispensasjonen frå byggjegrensa som Vegvesenet har gjeve på vilkår av at avkøyrsle til fylkesvegen frå privat veg blir stengd, Kommunen skal utifrå vedtaket ikkje gje igangsetjingsløyve for byggjing av bustaden før avkøyrsla er stengd.
| | | Les meir | 03.02.2012 |
|
|