 |

Roser ikkje berre i Rosendal! | | | | | I dag skriv vi 1. Juli og vi er inne i rosetida for fullt. Bløminga er i gang og mangfaldet i rosefamilien er atter ein gong imponerande.
Det er ei rose for kvar stil, kvar plass, alle typer jord og alle hardførheitssonar. Rosene er ville eller kultiverte, klatrande eller markdekkjande og dei finst i hagar, hekker, pottar og krukkar. | | | | Rosendal er naturleg nok i ei særstilling i vår kommune med omsyn til roser, både på grunn av baroniet og rosebeda langs hovudvegen.
Men også Uskedalen har mykje roser og flinke rosedyrkarar og det gjer vi ein freistnad på å visa her.
| | |
Motiva er henta både i båthamna (både båtlaget og Øyro), utanfor AFA og frå private hus og hagar.
Frå den sistnemnde kategorien vil vi særleg vil framheva ”rosehuset” på Ytre Eik. Det har imponert mange.
| | |
Kanskje nokon er så flinke med roser at dei til og med kan opplysa oss om kva slags roser vi har fotografert? Klikk på eitt bilete og send det til oss med namn under!
| | |
(Foto: Ola Matti Mathisen) | | | | | | |
| |
 |