Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Reprise: Kven ryddar i Skårhaug?

Klikk på bilete for full storleik
 
Dette er ein reprise. For tre år sidan stilte vi spørsmålet over i tilknytning til biletet over.
No stillar vi det same spørsmålet i tilknytning til biletet under, som er teke tre år etter frå det same punktet.
Skårhaug er framleis ein fin utsiktsplass, men då må det også vera utsikt derifrå!
 

Oppsittarar i området har stilt spørsmålet mange gonger i dei tre åra som har gått og ein av dei har registrert at ein av grunneigarane faktisk har teke oppmodinga om rydding ålvorleg.

Men det er ikkje tilstrekkeleg, påpeikar vedkommande.

 

I 'gamle dagar' var dette eit framifrå utsiktspunkt der ein kunne sitta og nyta utsynet på fine sommerdagar. Då var det ingenting som stengde utsynet mot dei sentrale delane av Uskedalen.

No ser ein framleis rett inn i ein grøn vegg om sommaren. Det er beklageleg, for det er ein fin rusletur til topps og rundt i området står det fleire innbydande bord og benkar.

 

Så er atter spørsmålet: Er det nokon som tek ansvar for ein ryddeaksjon i Skårhaug slik at ein med nokonlunde god samvittigheit kan be sommargjestane om å ta ein tur dit?

 

Av Ola Matti Mathisen

 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Meir til trafikksikring
Les meir[10.03.2010]

Nytt tretelt på Rabben
Les meir[10.03.2010]

Grønt lys for Halsabråtet-planen
Les meir[10.03.2010]

Ny prosjektering må til på Rabben
Les meir[10.03.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS