Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Fjelltur og messe på Skorpo til helga

Klikk på bilete for full storleik
I fjor var messa inne i løa – blir ho ute i år? (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
Soknerådet satsar på det same Skorpo-arrangementet som i fjor på sundag: Tur på Skorpefjellet fyrst og messe etterpå
 
Klikk på bilete for full storleik
Toppen på Skorpefjellet er nådd !.

Vermeldingane er såvidt lovande at messa trulig blir ute og ikkje inne i løa ved Søre Skorpevågen dette året, opplyser soknerådsleiar Audun Eik til Uskedalen.no

Difor er det eit fornuftig råd å ta med stol eller sitjeunderlag

Det er sokneprest Sven H. Nilsen som skal ha messa og det vert hans fyrste på Skorpo!

Arrangementet blir lagt opp slik at ein kan bli med på Skorpefjellet fyrst og så vera med i gudsteneste etterpå. Første båten går frå Sandakaien klokka 11 og den neste klokka 13.15 – den siste for dei som berre skal delta i messa. Ho startar klokka 14.

 

Som i fjor blir det lokalkjend guide, grunneigar Oscar Langballe har sagt seg viljug til å ta denne oppgåva også i år. Og som i fjor blir det matservering på Langballe-kaien.

 

Soknerådet håpar at veret blir like fint som i fjor og at det kan bli ein minnerik sommardag på Skorpo – som så mange gongar før.

 

Av Ola Matti Mathisen

 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
149 hjortar kan fellast i Uskedalen
Les meir[03.09.2010]

Kloringa av vatnet er over
Les meir[03.09.2010]

God båtsesong trass i alt: 1020 besøk ut august
Les meir[03.09.2010]

Barnearbeidet startar
Les meir[02.09.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS