Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Symja til Skorpo på 40 minuttar!

Klikk på bilete for full storleik
Brørne Eidsvik med målet for symjeturen i bakgrunnen. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
Brørne Morten (18) og Knut Andre (21) Eidsvik stod torsdag kveld for ein sommarleg sportsprestasjon av dei heilt sjeldne:
Dei symja frå innerst i Beinavikjo til odden like sør for Søre Skorpevågen på rundt rekna 40 minuttar!
 

Brørne preisiserar at det skjedde i heilt kontrollerte formar og ikkje på noko vis var eit risikofylt føretak. Jørgen Moberg var heile tida i nærleiken i fylgjebåt.

 

- Men sett i frå land kunne det verka litt dramatisk då cruisebåten Braemar dukka opp på kryssande kurs!

- Det var ikkje nokon dramatikk i det. Jørgen gjorde oss merksame på at Braemar kom. Vi var litt usikre på kursen hans, men tok det litt med ro då vi såg kor han kom. Han passerte mellom oss og Skorpo med god klaring.

 

Eidsvik-brørne forsikrar også at dette slett ikkje var noko planlagd prestajon. Dei bada i Beinavikjo og køyrde tub med Jørgen då ideen dukka opp - heilt spontant.

- Først tulla vi berre litt med at vi skulle symja til Skorpo, men det vart litt meir seriøst etterkvart. Og då vi fyrst hadde kome skikkeleg i gang var det naturleg å halda fram.

Men vi anar eigentleg ikkje eksakt kor lang tid turen tok, vi veit berre at klokka var halv sju då vi steig i land.

Då var vi skikkeleg slitne, medgir Morten og Knut Andre.

 

Dei har slett ingen planar om ein karriere som symjarar og dei kunne heller ikkje i første omgang svara på spørsmålet om kor lang svømmeturen eigentleg var. Dei har i alle fall aldri symja så langt før.

Etter nærare berekning fann dei ut at turen var vel 1,3 kilometer.

 

Eit anna spørsmål som naturleg kjem opp er om nokon har symja til Skorpo før. Fleire vel vaksne folk som uskedalen.no spør om det kan ikkje hugsa at det har skjedd.

 
 

Av Ola Matti Mathisen

 
 
Klikk på bilete for full storleik
Brørne Eidsvik møtte Braemar då dei symja til Skorpo! Det er den tredje Olsen-båten som har gått gjennom Storsund i sommar. (Foto: Knut A. Myklebust)
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Meir til trafikksikring
Les meir[10.03.2010]

Nytt tretelt på Rabben
Les meir[10.03.2010]

Grønt lys for Halsabråtet-planen
Les meir[10.03.2010]

Ny prosjektering må til på Rabben
Les meir[10.03.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS