 |

Så kom kakelinna, eller? | | | | | Så kom endeleg kakelinna, med kram snø, sildrande vatn frå tak og dammar i vegane. Eller er det kanskje ikkje kakelinna likevel? | | | | Det står å lesa i leksikale verk at kakelinna kjem noko tidlegare på vinteren. | | | | Det som nokre stader også blir kalt lefsetøvær eller lefsetøyra blir brukt om ein mildversperiode som gjerne kjem i desember, like før jul. Og kvifor det? Jo, fordi kakelinna gjennom folketradisjonen er tett knytta opp mot Tomasmesse, som er 21. desember. | | | | Og kvifor heiter det kakelinna? Jo, fordi det i tidlegare tider vart hevda at kakelinna kom av all bakinga. Det var alle omnane som utløyste mildveret! Men dette er folketru som er forlatt, står det å lesa.Vi kan i alle fall vera einige om at det er eit mildver no, med opptil 5 pluss i Uskedalen. | | | | Men kanskje har du andre opplysningar om kakelinna? | | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | |
| |
 |