Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Dokumentarfilmar på timeplanen i dag

Klikk på bilete for full storleik
Gunnbjørg Hage og Linda Hellevik har Uskedalen på timeplanen sin i dag. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
I dag opplever elevane i dei 4 klassane frå og med  3 og til og med 6 ein litt annleis skuledag enn den dei er vane med.  Dei får sjå fem dokumentarfilmar om barn. Framsyninga er ein del av Den kulturelle skulesekken og det er produksjonselskapet Semaforfilm i Bergen som står for prosjektet, i svært nært samarbeid md fylkeskulturkontoret
 
Klikk på bilete for full storleik
Klasse 3 og 4 såg dokumentarfilmane først i dag. (Foto: Ola Matti Mathisen)

- Vi skal innom 13 skular i Kvinnherad og starta 1. februar. Førebels er vi svært imponerte over dei gode og grundige førebuiangane som er gjort til besøket vårt rundt om. Og det er lett å få kontakt med ungane - dei er pratsomme og utadvendte, sa Linda Hellevik og Gunnbjørg Hage til uskedalen.no  før dei starta framsyninga for dei yngste. Mellom anna var dei gledeleg overraska over det tekniske utstyret som har stått til deira disposisjon. Og dei var svært fornøgde med fylkeskulturkontoret som har planlagt turen til den minste detalj.

 

Hovudbodskapen som ligg under dette prosjektet er at det er eit stort underskot på dokumentarfilmar for barn. Det er mange fiksjon-filmar for denne aldersgruppa, men svært få dokumentarfilmar – også på fjernsyn. Barna si røyst må bli oftare å høyra, meiner Linda og Gunnbjørg. Difor har selskapet deira satsa på å produsera dokumentarfilmar for barn og unge og dei fem filmane som dei syner fram i Kvinnherad no handlar om kva dei unge drøymer om å bli i livet.

 

Det varierar sterkt – frå balettdansar via organist til fotballspelar og hesteoppdrettar. Dokumentarinnslaga vert avbrotne av morosame animasjonsfilmar. Dei er også vist på TV2, under ein dokumentarfilmfestival i Volda og på Eurodok i Oslo. 

 

Etter å ha sett filmane får elevane snakka om dei og om sine eigne draumar om framtida. Eit ynskje er at dei også skal få lyst til å laga sine eigne filmar. Og ein god ide er å lage portrettinnslag om nokre i klassa.

 

Av Ola Matti Mathisen

 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Meir til trafikksikring
Les meir[10.03.2010]

Nytt tretelt på Rabben
Les meir[10.03.2010]

Grønt lys for Halsabråtet-planen
Les meir[10.03.2010]

Ny prosjektering må til på Rabben
Les meir[10.03.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS