60 syng og spelar Mariamusik |
 | | Maria dirigerer Mariamusik - like entusiastisk som før... (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
| |
Neste helg, i Kvinnheradkyrkja 13. og i Valenkyrkja 14. mars, tar kora Røysterett for alle og Rosendal Songlag, eit nytt storløft saman. Tilsaman 60 songarar og musikarar presenterer då Mariamusik. Det skjer for andre gongen. |
| |
 | | Fellesøving i Helgheim torsdag kveld. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
Første gong var i november 2008, då kora hadde to konsertar i Kvinnheradkyrkja. Samarbeidet var svært vellukka og det er ingen grunn til å tru at det ikkje blir det denne gongen og. Så har då også dei to kora den same, svært inspirerande dirigenten - Maria Malmsten. Ho er spent på om kvinnheringane sluttar opp om konsertane slik dei gjorde sist, men lovar ei stor musikalsk oppleving. |
 | | To av musikarane som er med - Kristine Bjorøy Hestad og Stein Haugen (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
|
I tillegg til alle dei gode røystane står det to fløytistar på lista over medverkande – Anne Guri Frøystein og Kristine Bjorøy Hestad. Og det er fleire dyktige musikarar med. Kjell Skarsfjord skal spela cello, Stein Haugen kontrabass og Pål Gunnar Dale perkusjon, medan sopranen Britt Samland er songsolist og Lina Storegjerde resiterar 8 tekstar. |
| |
Maria har meir eller mindre levd med den renessanseprega Mariamusik heilt siden 1987 – dette er fjordegongen ho er igjennom verket. Men ho forsikrar at ho slett ikkkje er lei det vel halvtimelange verket der dei 12 melodiane er ordna kronologisk i høve til livsløpet til Jesu mor og ”den heliga jungfrun”. |
| |
Heller ikkje songarane har fått nok Mariamusik, forsikra dei under den imponerande øvinga i Helgheim torsdagskvelden. Verket er ikkje spesielt krevjande, men svært variert og det gjeld å vera ”på hugget” heile tida, formed eitt skiftar tempo og rytme. Verket er ein fulltonande hylling til Maria og alt som er skreve og sunge om henne. Svensken Anders Øhrvall samla og gav ut melodiane i 1974. Dei skriv seg frå både Tyskland, Frankrike, England og Sverige og har særleg vorte framført i Sverige. |
| |
Men dei vel ein time lange konsertane neste helg har slett ikkje berre Mariamusik på programmet. Det er også eit reint instrumentalt innslag ved dei to fløytespelarane og cellisten og kora skal også syngja kvar for seg. Rosendal Songlag skal framføra ”Ave Maria” og”Sommarpsalm” åleine medan Røysterett for alle syng ”Vuggevise” og ”Våkendrøm”. |
| |
Men det er også grunn il å venta ei stor oppleving når kora skal syngja Grieg saman – nærare bestemt ”Våren” og ”Gjendines bånlåt”. |
| |
Av Ola Matti Mathisen |
| |
 | | Uskedelingar og rosendelingar syng godt saman. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
| |
|
|
|