Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Fjelland Eide får ikke byggja hytte

Klikk på bilete for full storleik
Thomas Fjelland Eide får ikkje byggja hytte i dette området. (Foto: Ragnvald Myklebust)
 

Thomas Fjelland Eide får ikkje byggja hytte ved Mannsvatnet. Dette er den endelege avgjerda frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som har vore settefylkesmann i saka.  Det positive vedtaket i forvaltningskomiteen vert med dette omgjort.
Fylkesmannen kan ikke sjå at det ligg føre særlige grunnar som kan gje grunnlag for å gje dispensasjon frå kommuneplanen.

 

 
Klikk på bilete for full storleik
Denne teikninga viser kor Fjelland Eide ville byggje hytte.

Fylkesmannen i Hordaland opprettheldt klagen sin i saka sjølv om storleiken på hytta vart redusert til50 kvadratmeter og sjølv om det ligg fleire hytter i området enn kva fylkesmannen i utgangspunktet hadde lagt til grunn.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner at dispensasjon vil undergrava kommuneplanen som styringsdokument og dei intensjoner som ligg til grunn for planen, som igjengjev svekka forutsigbarheit. Ei slik endring som omsøkt bør skje gjennom ein planprosess der arealdisponeringa for eit større område vert vurdert. Hvis kommunen meiner at det bør opnast for hyttebyggjing i dette området, er det kommunen sjølv, ved å ajourføre planane sine, som eventuelt kan bidra til tilretteleggjing for dette.

 

Fylkesmannen presiserar og at LNF-område er meint å ivareta blant anna omsynet til landskapsinteresser og verneinteresser. Ei hytte med den omsøkte plasseringa berre ca. 30 meter frå vatnet vil verka dominerande og vil ha ein landskapsmessig negativ effekt både frå sjø og land.

Dette gjer seg gjeldande sjølv om hytta skal vere 50 kvadratmeter og ikkje 65. 

Sjølv om det ligg 12 hytter i området frå før, meiner fylkesmannen at området framleis kan karakteriserast som urørt slik at tiltaket difor vil ha ein uheldig landskapsmessig verknad for området.

 

Fjelland Eide har vist til ei hytte som vart godkjend av kommunen i 2003.

Fylkesmannen meiner at ei godkjenning i 2003 ikkje kan skapa presedens for denne saka sidan det er lov å skjerpa inn praksis dersom alle tilsvarande saker vert handsama likt.

 

Fjelland Eide har opplyst at hytta skal reduserast til 40-45 kvadratmeter og at han kan finna ei anna plassering. Til dette seier fylkesmannen at dette eventuelt må handsamast som ein ny søknad om dispensasjon med nye teikningar av hytta og plasseringa.

 

Av Ola Matti Mathisen

 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Playing Psycho er født!
Les meir[06.09.2010]

Minnar om vassutkopling
Les meir[06.09.2010]

Superyacht gjennom Storsund
Les meir[06.09.2010]

Sentrum i fugleperspektiv
Les meir[06.09.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS