 |

Sjøwall får nei frå fylkesmannen | | Per Arild Sjøwall sitt bustadprosjekt i Kleivadalen er i motvind.No har fylkesmannen klaga på vedtaket i forvaltningskomiteen om å gje dispensasjon frå kommunedelplanen og byggjeforbodet i 100-metersbeltet mot sjøen. Han legg ned påstand om at vedtaket blir omgjort slik at det blir gjeve avslag på søknaden om dispensasjon. | | | | Fylkesmannen meiner at eit større terrenginngrep saman med oppføring av bustad, eventuell garasje og vegtilførsel, vil medføre eit stort inngrep i den funksjonelle strandsona som vil bli synleg i eit stort område. Tiltaket vil difor få ein uheldig verknad for landskapet i området. Det vil også få ein sterk privatiserande effekt i strandsona i eit område som er ein av dei få ubygde flekkene i strandsona på staden. | | | | Fylkesmannen argumenterar med at dersom området er tettbygd, så kan det like godt vere eit argument mot å gje dispensasjon som for å gje dispensasjon.I områder med stort arealpress er det særleg viktig å ta vare på grøne lungar og særleg viktig at ein ser alle aktuelle tiltak i området under eitt, slik ein kan gjere i ein planprosess. | | | | Fylkesmannen kan vera samd i at området ikkje er eigna for landbruksdrift. Men han meiner at området har kvalitetar i høve til natur- og friluftsføremålet i arealføremålet LNF og at vedtaket dermed svekker arealføremålet i kommunedelplanen. | | | | | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | | | | |
| |
 |