Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

100 med i Kvinnheradmeisterskapet

Klikk på bilete for full storleik
Klar til start i klasse gutar 10 år. Frå venstre Johannes Hellesøy frå Rosendal, Harald Myklebust Lekva frå Uskedalen og Magne Årthun Bergane frå Matre. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 

Det deltok rundt rekna 100 iKvinnheradmeisterskapet på ski som gjekk i Tveitedalen sundag, fordelt med 70 på karusellrenn nummer 5 og 30 på barneskirennet.
 
Klikk på bilete for full storleik
Håvard Pedersen var raskast også denne gongen. Her startar han. (Foto: Ola Matti Mathisen)

Idrettslaget Ternen skilte seg frå arrangementet med bravur. Dei hadde eit problem då høgtalaranlegget ikkje fungerte, men løyste det med imponerande

stemmebruk!

Klikk på bilete for full storleik
Ingebjørg Haugland frå Uskedalen gjorde som vanleg ein framifrå innsats. (Foto: Ola Matti Mathisen)

Avviklinga i det makelause skianlegget gjekk smertefritt, under framifrå føretilhøve.

Klikk på bilete for full storleik
Cathrine Haugland passerer mål. (Foto: Ola Maatti Mathisen)

Som vanleg var Uskedal IL godt representert. Til dømes var det med 6 10-åringar: Synneva  E. Myklebust, Veslemøy Haugland, Jarand Jensen Eide, Martin Hjelmeland Arnesen, Jakob Taranger og Harald Myklebust Lekva.

I klasse 11 år vart Solveig Haugland nummer 3 og Ingvild E. Myklebust nummer 5.

 

I klasse 12 år for gutar vart Johannes Haugland nummer 2.

 

Maren H. Bjørnebøle vann 13-årsklassa.

 

Kari Bråtun var einaste deltakar i 14-årsklassa.

 

Ingebjørg Haugland vann15-årsklassa.

 

Den raskaste av mennene var også denne gongen Ternens eigen Håvard Pedersen, som går i klasse 36-40 år og gjekk 10-kilometeren på 27,27.

 

I klasse 21-35 år gjekk Ole Vidar Monsen frå Uskedal på 30,53.

 

Cathrine Haugland gjekk 5 kilometer på 20,12 og vann klasse 36-40 år.

 

Bjarne Lilleaas (klasse 56-60 år) og Pål Haugland (klasse 61-65 år) gjekk på 40,01 og 37,55 denne gongen.

 

I trimklassa deltok Astrid Haugland og Kurt Haugland og dei vart nummer 4 og 3.

 
 

Av Ola Matti Mathisen

 
Klikk på bilete for full storleik
Torbjørn Haugland etter målpasseringa. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
16 uskedelingar i karusellrenn
Les meir[06.02.2012]

Takk frå basarnemnda
Les meir[05.02.2012]

80 på basar trass i snøstorm
Les meir[05.02.2012]

Ikkje overtaking men hjelpande hand
Les meir[05.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS