 |

Avkøyrsle blir oppgradert til kryss | | Ei avkøyrsle med fylkesveg 48 (før riksveg 48) i Uskedalen blir no oppgradert til kryss etter søknad frå Tor Eik i samband med at det vert søkt om frådeling av ein parsell som tilleggsareal til nærings- og forretningsføremål.. | | | | Vegvesenet konstaterer at det føreligg gjeldande reguleringsplan for området og utifrå det dei kan sjå er frådelinga i samsvar med denne. | | | | Det blir søkt om å gje dispensasjon frå reguleringsplanen når det gjeld avkøyrsle. Planen føreset at det skulle byggjast ny samleveg med avkøyrsle og kryss som skulle gå parallelt med fylkesveg 48. Denne er ikkje bygd og det vert difor søkt om å nytta eksisterande avkøyrsle til eigedomen | | | | Forvaltningskomiteen har tilrådd dette på vilkår av at vegkontoret sine krav til sikt og stigning vert innfridd. Vegvesenet harsom mål å avgrensa talet på avkøyrsler og hadde helst sett at ny tilkomst hadde vorte tilrettelagt i samsvar med reguleringsplanen. For å avgrensa talet på avkøyrsler må eksisterande avkøyrsle til gnr. 123 bnr. 103 stengjast og må få ny tilkomst til den omsøkte avkøyrsla, held vegvesenet fram. | | | | Vegvesenet har sett ei rekkje krav, mellom anna at avkøyrsla også skal kunne vera felles med eventuelle andre som på ein naturleg måte kan nytte same avkøyrsle. Kravet til frisikt 6 meter inn i avkøyrsla skal vera minimum 55 meter til begge sider.Sikta framover og bakover på vegen ved avkøyrsla må vera minimum 55 meter. Dette betyr at alle sikhindringar som vegetasjon og terreng over ein halv meter i planet mellom avkøyrsla og fylkesvegen må fjernast. | | | | Avkøyrsla skal vera bygd av tiltakshavar. | | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | |
| |
 |