Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Til Uganda med Strømmestiftelsen

Klikk på bilete for full storleik
 
Lill Myklebust Skaadel frå Uskedalen, som no er kateketvikar på Karmøy, er heime att etter ein opplevelsesrik, 13 dager lang tur til Uganda. To konfirmantar og Jan Inge Revheim frå Strømmestiftelsen var dei andre deltakarane på turen.
 
Konfirmantane var Liv Olaug Riisdal (Falnes kyrkje) og Marthe Jensen (Ferkingstad kyrkje). Begge var med og selde lys til inntekt for Strømmestiftelsens Skrikaksjon og alle som selde minst 6 lys var med i trekninga av turen.
 
Aksjonen er Strømmestiftelsens konfirmantaksjon og kvart år blir to menigheter trekt ut til å sende med ein konfirmant.
 
Stiftelsen har regionkontor i Kampala i Uganda. Ulik andre organisasjonar har den ikkje nordmenn i jobb ute i felten, men samlar inn pemngar til partnarar. To pillarar i innsatsen er utdanning og mikrofinans, som hjelper folk i gang. Fattige får lån og skaffar seg dermed ein inntekt.
 
Ein av institusjonane delegasjonen var innom og som gjorde eit sterkt inntrykk var CRO - eit senter for gatebarn i Mbale.
 
Eit anna av høgdepunkta under opphaldet til dei fire var besøket på dagsenteret Miles2Smiles for barn opptil 6 år i Kampala..Her er Lill saman med Katherine Mitongo,  direktør på senteret, som sørger for at mange små får ei lysare framtid enn dei ellers ville fått.
 
(Foto: Jan Inge Revheim) 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
16 uskedelingar i karusellrenn
Les meir[06.02.2012]

Takk frå basarnemnda
Les meir[05.02.2012]

80 på basar trass i snøstorm
Les meir[05.02.2012]

Ikkje overtaking men hjelpande hand
Les meir[05.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS