Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Får byggja nytt hus på Klammeren

Klikk på bilete for full storleik
Huset som no skal rivast på Klammeren. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
Kommunen har no gjeve Kjell Magne Haugland rammeløyve til å riva det gamle våningshuset på familiegarden Klammeren og byggja ny einebustad på 136 kvadratmeter.
 
Tiiltaket kan ikkje igangsetjast før det ligg føre igangsetjingsløyve, som må sendast særskilt til kommiunen. Det må også dokumenterast utsleppsløyve før igangsetjingsløyve blir gjeve. Teigen Bygg og Trelast AS er ansvarleg søkjar.
 
Tiltaket er i samsvar med planar og vilkår gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova og treng ikkje ytterlegare løyve frå andre myndigheter.
 
Dottera til Kjell Magne - Merete Haugland - skal overta garden. Huset er i ein så dårleg forfatning at det ikkje er mogeleg å restaurera eller rehabilitera det  eller eventuelt å byggja på det. Det er også i minste laget for ein stor familie.
 
Det nye huset skal byggjast på same tomta. Det vil også bli ein oppgradering av avløpsanlegget. 
 
Landbrukskontoret har gjeve positiv attendemelding.Kjell Magne streka i søknaden sin under at det er viktig at yngre krefter kan få busetja seg på landsbygda og ivareta og nytta seg av dei einskilde små bruka slik at ikkje alle trekkjer mot sentra.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
16 uskedelingar i karusellrenn
Les meir[06.02.2012]

Takk frå basarnemnda
Les meir[05.02.2012]

80 på basar trass i snøstorm
Les meir[05.02.2012]

Ikkje overtaking men hjelpande hand
Les meir[05.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS