Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Tilbod om leksehjelp frå i morgon

Klikk på bilete for full storleik
Rektor Vidar Haugland skriv om leksehjelp-tilbodet
 
Frå i morgon er det tilbod om leksehjelp ved skulen og rektor Vidar Haugland har skreve dette ope brevet til politikarar, foreldre, kommuneadministrasjon og andre interesserte:

 


 

                                                                                                                                

Stortinget har vedteke at alle elevar i 1.-4.klasse skal få tilbod om 2 timar gratis leksehjelp kvar veke. Det kostar å leggje til rette for eit slikt tilbod.

 

Difor har kommunane fått ca. 180 millionar til å gjennomføre tiltaket i 2010, ogpolitikarane i kvar kommune har ansvaret for at kvar skule får dei midlane som trengst for at elevane skal få eit skikkeleg tilbod.

 

Eg er usikker på kor mykje kvar skule har fått i Kvinnherad, men eg har laga eit oversyn over kostnadene ved Uskedalen skule, slik dei ser ut for å bli. Andre skuleleiarar bør korrigere meg viss reknestykket er feil eller urealistisk.

Uskedalen skule har 68 elevar i 1.-4.klasse. 20. august hadde eg fått melding frå foreldra deira om at 45 skulle vere med på leksehjelp. 

 

Kvar tysdag og onsdag må eg leggje til rette for at kompetente leksehjelparar gir elevane god hjelp i eit godt psykososialt miljø.


For at alle elevane, også dei som er avhengige av dagleg skyss, skal få eit likeverdig tilbod, må eg setje oppe kstra mellomskyss to dagar i staden for ein. For at 45 elevar i det heile skal få eit tilbod, må eg engasjere leksehjelparar til å hjelpe dei. Sjølv om tilbodet går parallelt med SFO-tilbodet, skal ikkje alle i SFO delta, og minimum ein må vere igjen med SFO-gruppa.


Eg må engasjere 2 personar ekstra kvar dag til leksehjelptimen, - 4 timar kvar veke. Leksehjelptilbodet er gratis og friviljug, og foreldra kan difor melda elevane av og på som dei vil. Det vil ta tid å administrere tiltaket, slik at leksehjelparane til einkvar tid har kontroll over kven og kor mange dei skal ha på dei ulike gruppene:


Årlege kostnader ved Uskedalen skule, med utgangspunkt 

i tala under, vert  kr. 67 102,-

·        1dag ekstra mellomskyss: (Kr. 700 i 36 veker)     Kr. 25.200  pr. år

·        4 t/v til leksehjelp: ( kr. 235,57 x 4) i 36 veker)   Kr.  33.922 pr. år

·        Utgift til leksehjelpleiar:                                         Kr.  6000,- pr.  år

·        Materiell og uventa utgifter:                                   Kr.  2000,- pr.  år


Dette er eit nytt tiltak, og andre har andre erfaringar enn meg med tilrettelegginga. Eg høyrer gjerne frå dykk, for å få meir kunnskap om korleis tilrettelegginga bør vere. Det einaste viktige er at elevane ved kvar skule i Kvinnherad får eit godt tilbod under trygge, gode tilhøve, slik at tiltaket kan bidra til auka kunnskapsinnlæring.


I tillegg til utgiftene til leksehjelptilbodet vil tilbodet gje reduserte

inntekter frå SFO-tilbodet.

Eg har enno ikkje oversyn over denne summen.


Vidar Haugland (verksemdsleiar Uskedalen oppvekstsenter)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
16 uskedelingar i karusellrenn
Les meir[06.02.2012]

Takk frå basarnemnda
Les meir[05.02.2012]

80 på basar trass i snøstorm
Les meir[05.02.2012]

Ikkje overtaking men hjelpande hand
Les meir[05.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS