Amerikafeberen fekk sidestykkje i fotofeberen |
 | | Rundt rekna 40 kom til den fotohistoriske kvelden. Her presenterar Kristian Bringedal sjåapparat for stereobilete. Sigrid Lien sit nede til venstre |
|
| |
| Amerikafeberen førte til at 750.000 nordmenn emigrerte til USA frå 1836 til 1915. Men som eit sidestykkje kom samstundes fotofeberen. |
| |
Mange utvandrarar ville ha bilete frå Noreg - og nordmennene ville ha bilete frå innvandrarmiljøet i Amerika. Dette ga ein stor etterspurnad. I amerikanske småbyar vart eit fotoatelier ein fast sosial institusjon. |
| |
Det konstaterte professor i kunsthistorie Sigrid Lien i foredraget sitt under den fotohistoriske kvelden på Bygdetunet Rød. Foredraget var supplert av ein mangfoldig biletflora og det er ikkje tvil om at amerikabileta har vore eit forsømt forskningskapitel samanlikna med amerikabreva. I dette tilfelle må ein verkeleg sanne at eit bilete seier meir enn tusen ord. Og Sigrid Lien kan verkeleg kunsten å ”lesa” eit bilete. |
| |
Kvelden var ein vellukka avrunding av utstillinga av bileta til Kristen Pedersen Myklebust frå Uskedalen. 40 fylte røykstova under foredraget og lemstova under gjennnomgangen av bileta etterpå. Lien var full av ros om arbeidet som er gjort i samband med utstillinga og kalla det eit viktig grunnforskningsarbeid. |
| |
Sigrid Lien viste bilete avmange av dei mest aktive fotografane, til dømes valdrisen Andrew Larsen Dahl, hvis bilete låg lagra i ein tobakklåve i 100 år. |
| |
Bileta frå Amerika viste mellom anna at folk gjerne ville syne fram det gjevaste dei hadde. Og farmarane poserte gjerne på dei vidstrakte åkrane sine. Men i breva var dei gjerne varsame med å oppmoda fleire til å kome etter over dammen. |
| |
Ein annan fotograf som Lien var innom var Martin Morrisom (Mauritsen) som ofte blir forveksla med Myklebust, og ein tredje Sylvester Wange – også han frå Valdres. Eit fellestrekk ved bileta var ikkje minst at mange var av hendingar i familien – også av gravferder. |
| |
Etter Lien sitt foredrag var det presentasjon og attendelevering av bileta. |
| |
(Tekst og foto: Ola Matti Mathisen) |
| |
 | | Sigrid Lien held foredrag i Røykstova. |
|
| |
|
|
|