Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Kommunal hjelp til plenklypping?

Klikk på bilete for full storleik
Kan kommunen hjelpe med å halda Heio så fin som dette?
 
Leiar i idrettslaget Bjarte K. Døssland har no anmoda kommunen om hjelp til plenklypping på Heio.

 

Kommunen har investert i tungt plenklypparutstyr som blant anna vert nytta i Rosendal og Husnes,på dei kommunale banane. 

 

Idrettslaget i Uskedalen spør om det kunne la seg gjere å finne ei ordning slik at kommunen tar turen oppom Uskedalen, for å slå banen her. 
 
Idrettslaget har slite kraftig i år med å halde banen klypt og tilgjengeleg for dagleg bruk. Det skuldast langeperiodar med regn, tett grasvokster og for svak plenklyppar. Arbeidet har vore utført på dugnad ibanenemnda, men det let seg ikkje gjere å halde banen godt nok nede.
 
Idrettslaget står difor no i ein vanskeleg situasjon. Innkjøp av klyppar som er sterk nok er eit så stort økonomisk løft at det er tvilsamt om laget kan ta det på seg.
 
Hvis kommunen seier ja til å hjelpa slik som skissert, er idrettslaget innstilt på å betala eit rimeleg vederlag. Døssland minnar om at UIL er eit lite idrettslag med tilsvarande avgrensa økonomi, men med stor aktivitet.
 
Heio Cup går av stabelen første helga i september og slik vermeldingane er, kan det vera god bruk for krisehjelp for å få banene presentable til cupen. Difor er det behov for kjøp av klypping før cupen og laget spør kommunen om dette er mogeleg.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
16 uskedelingar i karusellrenn
Les meir[06.02.2012]

Takk frå basarnemnda
Les meir[05.02.2012]

80 på basar trass i snøstorm
Les meir[05.02.2012]

Ikkje overtaking men hjelpande hand
Les meir[05.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS