 |

Takkar for seg imorgon |  | | Oppslaget om kommuneveteranen frå Uskedalen i Grenda. |
| | | | I morgon takkar uskedelingen Aud Isaksen Haugland for seg etter teneste i 43 år i kommunen. Ho byrja der då ho var 19 år gamal og er den kommuneansatte som har lengst fartstid, skriv Grenda. Aud starta som kontorasssistent på økonomikontoret i det gamle kommunehuset og ved avgangen er ho økonomikonsulent. | | | | Det har vore ei rivande utvikling. Då ho starta i kommunen i 1967 føregjekk all rekneskapsføring manuelt.Men etter kvart gjorde datamaskinane jobben enklare og meir effektiv. | | | | Aud har også vore med om rasjonalisering og omleggjing. Nedbemanninga har stort sett gått føre segved naturleg avgang og omplassering. Mykje av jobben til Aud i dag går ut på internkontroll og oppfylgjing av rekneskap. Ho er glad for å ha hatt ein trygg arbeidsplass med gode kolleger. Stort sett har ho gledd seg til kvar einaste arbeidsdag. | | | | På heimebane er ho aktiv i indremisjonen der ho for tida er kassserar. No ser ho fram til å bruka meir tid på huset og hagen. | | | | | | | |
| |
 |