På Høgetinden med Tordis |
 | | Tordis på toppen! |
|
| |
Eg har vore på Høgetinden saman med fjellgeita Tordis og det var ei stor oppleving. |
| |
 | | Vi kikka ned i Matresfjorden. |
|
|
 | | Tordis på veg mot toppen. |
|
Vi starta frå Tveitedalen, gjekk opp til Dyrrind og opp mot Ulvanåso. |
 | | Drivskodda kom opp frå Geitadalen. |
|
Stien delte seg, kort rute til Ulvanoso eller via Sætraskarnuten. Vi gjekk den lengste! |
'Å, den turen er så flott!!' Etter ei stund kom vi fram på kanten, såg Folgefonna og kika ned i Matresfjorden. |
| |
Kom oppå Sætraskarsnuten og i neste skar såg vi rett ned til Fjellandsbø. Gjekk oppover platået på kanten av Øktaredalsnuten. |
| |
Kika ned i Øktaredalen og ved neste juv, Kolkjeredalen. Rett før varden på Høgetind, der det er smalast; møtte vi 19 elevar og nokre lærarar frå ein ungdomsskule på Stord. |
| |
Dei hadde funne ein stein som var så lik ein Steinbit. Den hadde dei plassert på toppenav varden på Høgetind. vi hadde drivskodde bak mot Folgefonna. Mot Geitadalstindane var det trollsk, drivskodda kom opp frå Geitadalen. |
| |
| Vi retunerte den kortaste vegen ned til Tveitedalen att. Der gjekk vi mykje på store berg (skjerv). Mellom berga var der mange badeputtar, nokre så store at vi kunne symje i dei.' Dit skal eg oppatt til neste år saman med badeløvene her i huset!' Det var utruleg tørt etter så masse regn som vi har hatt i det siste. |
| |
| Ein utruleg flott tur! Er å anbefale!! GOD TUR! |
| |
| Tekst og foto: Nelly Kjærland |
| |
| |
|
|
|