 |

Venskapsgruppe frå Guatemala på Bøkkerverkstaden |  | | - Slik et du lubbesild! |
| | | I kveld gjesta ei gruppe på fire, to lærarar og to elevar frå San Lucas Toliman, Bøkkerverkstaden. | | | | Gjestinga er ein del av eit venskapsprosjekt med KVV. | | | Delia Garcia er 17 år og elev og Fidel Macario 23 år og elev. Estela Cuj er 40 år og lærar og Ramiro Tzunun 22 år og lærar.
| | | Tema er miljø og det vert i Kvinnherad lagt vekt på kjeldesortering, reint vatn, sunn mat og kommunal styring og forvaltning. Venskapsgruppa i Kvinnherad og leiinga på KVV er vertskap for besøket. | | | På Bøkkerverkstaden fekk dei innføring i bøkkerhandverket som attåtnæring fram til arbeidsprosessen vart mekanisert når ein fekk straum på 1920 - 1930 talet. I tillegg vart det lagt vekt på informasjon om lokalproduserte robåtar. | | | Bøkkerverkstaden er fast innslag når Kvinnherad tek mot gjester frå Guatemala. Det er vellukka fordi gutatemalarane kjenner seg att i mykje av det som for oss er historie og kulturminne. I San Lucas Toliman er mykje av dette ein del av kvardagen.Magne Fitjar meistrar spansk framifrå. Difor er kommunikasjonen god med venskapsgruppa i Kvinnherad. | | | | Tekst: Kristian Olav Bringeda | | | lFoto: Magne Fitjar
| | |
| | | | | | | | |  | | - Ho var faktisk god! |
| | | | | |
| |
 |