 |

Kvinnherad har fått veteranlag |  | | President Odd Helge Olsen saman med leiar Asle Sund, nestleiar Anne Tangen Rørdal og sekretær Geir Dolonen Marthinussen |
| | | Med president Odd Helge Olsen som gjest vart det ikveld halde konstituerande årsmøte på Solheim Turiststasjon for eit veteranlag. Målgruppa er ikkje berre dei nærmare 100 frå Kvinnherad som har delteke i internasjonale, fredsbevarande operasjonar, men også pårørande og andre som sluttar seg til laget sitt føremål. Laget er også ope for andre enn kvinnheringar.
| | | Diverre var berre 7 til stades - 6 frå Husnes og1 frå Uskedalen - men presidenten var likevel optimist og minna om den vind i segla som orgainisasjonen NVIO (Norges Veteranforbund for internasjonale operasjoner) opplever. No har den 7400 medlemmer etter ein auke på nesten 500 berre i fjor og blir møtt med stor velvilje på alle hald, ikkje minst i den politiske leiinga her i landet. Organisasjonen er i alle fylker. | | | Leiar av NVIO avdeling Kvinnherad vart Asle Sund medan Anne Tangen Rørdal er nestleiar, Geir Dolonen Marthinussen sekretær og Jan Terje Saghaug kasserar. Alle bur på Husnes og styret håpar på deltaking også frå andre delar av kommunen, ikkje minst Uskedalen. Dolonen Marthinussen og Åge Johansen fekk i kveld medaljen for frredsbevarande operasjonar.
| | | NVIO gjer ein stor innsats for å bistå dei mange som har problem etter å ha gjort teneste ute og president Olsen kalla i denne samanhengen kameratstøtten som den viktigaste pillaren til organisasjonen. | | | 2 frå det nye laget vil i mars delta i eit kameratstøttekurs på 'basen' Bæreia ved Kongsvinger som no igjen har vorte eit ankarfeste for krigsveteranar. NVIO har også pårørandekurs.og det vil bli halde organisasjonskurs her i Kvinnherad. 8. mai blir veterandag også i år, opplyste presidenten. Det var ikkje minst denne dagen i fjor som stimulerte danninga av veteranlaget.
| | | - Det viktigaste er at veteranane får anerkjennelse for det dei har gjort, og at dei slepp å stå med lua i handa, sa Olsen og peika på dei gode erstatningsordningane som organisasjonen har fått istand. Veteranane har det gjerne hardast i høgtider og om sommaren, konstaterte presidenten som hadde mange døme på kor hardt mange har hatt og har det.
| | | | Tekst og foto: Ola Matti Mathisen | | |
| | | | | | | |
| |
 |