 |

14-åringar leiar dansegruppe | | | | Dagens gode og ikkje lite imponerande nyhende på trim- og sportsfronten i bygda er denne: I kveld starta det ei dansegruppe i turngruppa og den blir leia av dei desidert yngste instruktørane som gruppa rår over; Både Bente Yri Halvorsen og Ingeborg Ljostveit Sundal er 14 år gamle. Men ingen bør klage over at det er for unge, for dei har gjennomgått solide kurs.
| | | - Eg har lenge masa på Anette Sund om at vi måtte få i gang ei slik gruppe og endeleg gjekk det i orden, sa ei glad Bente til uskedalen.no etter den første timen i Aktivitetshuset. Til den møtte det fram 11 deltakarar mellom 9 og 12 år trass i heller sparsam PR.-innsats og det skorta ikkje på engasjement. - Neste gong tror vi på enda større oppslutnad, sa Bente. Instruktørane kunne glede seg over at det i alle fall var eit visst innslag av gutar i flokken1 | | | Kva slags dans er det så dei instruerar i? Svaret var i alle fall i dag ein blanding av jazz og hip hop og den siste låten som dei starta på hadde dei sogar laga sjølv. | | | Gruppa skal møtast mellom klokka 19 og 20 kvar onsdag utover vinteren. | | | Over er flokken saman med instruktørane sine og under er to situasjonsbilete frå den første 'skuletimen'. | | | | Tekst og foto: Ola Matti Mathisen
| | | | | | |
| |
 |