 |

Imponerande gevinstliste |  | | Anne Rørheim har vore ein krumtapp i kopset i ei vanskeleg tid og er no ein krumtapp i basaren. her sl ho lodd på SPAR i dag. |
| | | Det er ei imponerande gevinstliste skulemusikken kan lokka med før den årlege basaren som er korpsets største inntektskjelde. Den plar gje rundt 40 000 i kassa og blir denne vinteren avvikla sundag 5. februar klokka 16. Loddsalet har vore igang rundt i bygda ei tid og i dag er det sal på SPAR. Truleg kjem ein ny runde der neste fredag.
| | | Her er nokre av dei 24 gevinstane som 'basarkonsulent' Anne Rørheim har på lista si og som det slett ikkje var problematisk å skaffa: | | | Gåvekort på 500 og 400 kroner, 2 bilettar til arrangement, fruktkorger, knivsett, brikker, vaffeljern, fotbad, spekepølse, blome, lego, leikebondegard, dokka, hårstyling, hardangerbestikk, skrujernsett og løper | | | Basaren blir som alltid før halde på Helgheim og følgjer det tradisjonelle opplegget. Den opnar med ein minikonsert av eit korps som etter manges meining er inne i ei klar oppgangstid att musikalsk sett. | | | Korpset har no også fått ny leiing og i det nye styret sit trioen Elin Enæs, Haldis Åkra og Anne Guri Kildal. Valet skjedde under årsmøtet for få dagar sidan | | | Tekst og foto: Ola Matti Mathisen
| | | | | | | |
| |
 |