Nyhendearkiv |
Like mykje nedbør som i fjor | Kanskje vil det overraska nokon, men det er i alle fall sant: i den fyrste månaden i 2012 målte Kurt Haugland på Korsnes omtrent nøyaktig same nedbørmengd som i fjor i januar - tala var 227 og 222 millimeter. Omvikdalen og Rosendal hadde omtrent den same nedbør som Uskedalen, men Matre låg som vanleg i ei særklasse med dobbelt så mykje - 439 millimeter - melder Grenda
|  | | Les meir | 02.02.2012 |
|
|
Truleg stengt for gjennomkøyring | Denne vegen. som går bratt opp frå Beinavikjo til fylkesvegen, vil truleg bli stengt for gjennomkøyrimg. Det skjer som resultat av sakshandsaminga av eit byggeprosjekt mellom dei to vegane, men saka er slett ikkje avklara så langt.
|  | | Les meir | 02.02.2012 |
|
|
Pølsefest for å feire folketalsauke | Det skortar ikkje på kreativiteten på SPAR. I morgon fredag ynskjer dei velkome til pølsefest for å markera at Uskedalen er ei bygd i sterk vekst. Folketalet auka med 33 i fjor og no er vi oppe i 1061. Det strekar under at det er triveleg å bu i bygda og at det er fristande å slå seg ned her. Ikkje minst er det triveleg å koma heimatt etter å ha vore vekk ei tid.
|  | | Les meir | 02.02.2012 |
|
|
Bøkkerverkstaden også mote-arena | Bøkkerverkstaden har vorte stadig meir populær som foto-arena. I dei seinare åra har den vore nytta fleire gonger under fotokurs og som bakgrunn for fotografering av til dømes grupper. Så er da også den gamle verkstaden ein malerisk eller - om ein vil - romantisk ramme. Men det siste og nye er at den også har vorte arena for presentasjon av mote.
|  | | Les meir | 01.02.2012 |
|
|
Satsar på vidareforedling av hjort | Landets største hjortekommune Kvinnherad har til no ikkje hatt noko verksemd for vidareforedling av hjorten. Men no kjem verksemda hvis Kurt Eivind og Bjørg Inga Miljeteig på Friheim Gardsmat får gjennom planane sine på høgste hald. Prosjektet ligg no i Innovasjon Norge og vil truleg kosta 800 000 kroner, opplysar Kurt Eivind til uskedalen.no
|  | | Les meir | 01.02.2012 |
|
|
Fleire nye hus skal byggjast | Fleire nye hus skal snart byggjast i Uskedalen, ikkje berre i dei nye felta som samla inneheld det største nye tilbodet i kommunen. Eitt på Ytre Eik er på gang og og det er også eitt i sentrum. Og fleire kjem.
| | | Les meir | 01.02.2012 |
|
|
Søkjer fritak for eigedomsskatt | Dei friviljuge båtlaga i kommunen har hatt møte og søkjer om fritak for eigedomsskatt. Uskedalen Båtlag er eitt av dei og det var brei semje om denne saka. Båtlaga er alle å rekna som friviljuge lag og organisasjonar og då skatten skulle innførast vart det frå alle parti sagt at slike skulle fritakast frå denne, Difor kjennest det svært urettferdig og merkeleg at kommunen vel å sortera i lag og gje nokon fritak medan andre lyt betala.
|  | | Les meir | 01.02.2012 |
|
|
Klubb på tysdagar godt i gang | Ungdomsklubben i Gamleskulen er no godt igang på tysdagar melder ungdomsleiar Geir Remme etter tysdag nummer 2 med det nye opplegget. av eit trygt og rusfritt tilbod. Sist tysdag kom det 3 og i kveld 8 og alderen på ungdommane som vitja klubben var 12 og 13 år Aldersgrensa er no seinka til fylte 12 år for å nå fleire. Før var det klubbkveld på onsdagar i Uskedalen.
|  | | Les meir | 31.01.2012 |
|
|
Biblar til femteklassingane | Dei tre neste søndagane vert det under gudstenestene i Holmedal, Husnes, Valen og Uskedalen utdeling av «BIBELEN – ei vandring gjennom den store forteljinga» til elevar i 5. klasse. Dette er ei illustrert bibelutgåve som er laga med tanke på bruk i skule, heim og kyrkje. |  | | Les meir | 31.01.2012 |
|
|
|