Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Nyhendearkiv

Truleg stengt for gjennomkøyring

Denne vegen. som går bratt opp frå Beinavikjo til fylkesvegen, vil
truleg bli stengt for gjennomkøyrimg.
Det skjer som resultat av sakshandsaminga av eit
byggeprosjekt mellom dei to vegane, men saka er slett ikkje avklara
så langt.
Les meir02.02.2012

Pølsefest for å feire folketalsauke

Det skortar ikkje på kreativiteten på SPAR. I morgon fredag
ynskjer dei velkome til pølsefest for å markera at Uskedalen
er ei bygd i sterk vekst.

 

Folketalet auka med 33 i fjor og no
er vi oppe i 1061. Det strekar under at det er
triveleg å bu i bygda og at
det er fristande å slå seg ned her.
Ikkje minst er det triveleg å koma
heimatt etter å ha vore vekk ei tid.
Les meir02.02.2012

Bøkkerverkstaden også mote-arena

Bøkkerverkstaden har vorte stadig meir populær som foto-arena.
I dei seinare åra har den vore nytta fleire gonger under fotokurs
og som bakgrunn for fotografering av til dømes grupper. Så er
da også den gamle verkstaden ein malerisk eller - om ein vil -
romantisk ramme.
Men det siste og nye er at den også har vorte arena
for presentasjon av mote.
Les meir01.02.2012

Satsar på vidareforedling av hjort

Landets største hjortekommune Kvinnherad har til no
ikkje hatt noko verksemd for vidareforedling av hjorten.
Men no kjem verksemda hvis Kurt Eivind og Bjørg Inga Miljeteig
på Friheim Gardsmat får gjennom planane sine på høgste
hald. Prosjektet ligg no i Innovasjon Norge og vil truleg
kosta 800 000 kroner, opplysar Kurt Eivind til uskedalen.no
Les meir01.02.2012

Fleire nye hus skal byggjast

Fleire nye hus skal snart byggjast i Uskedalen,
ikkje berre i dei nye felta som samla inneheld det
største nye tilbodet i kommunen. Eitt på Ytre Eik er
på gang og og det er også eitt i sentrum. Og fleire kjem.
 
Les meir01.02.2012

Søkjer fritak for eigedomsskatt

Dei friviljuge båtlaga i kommunen har hatt møte og søkjer om
fritak for eigedomsskatt. Uskedalen  Båtlag er eitt av dei og det
var brei semje om denne saka.
Båtlaga er alle å rekna som
friviljuge lag og organisasjonar og då skatten skulle innførast vart
det frå alle parti sagt at slike skulle fritakast frå denne,

 

Difor kjennest  det svært urettferdig og merkeleg at kommunen
vel å sortera i lag og gje nokon fritak medan andre lyt betala.
Les meir01.02.2012

Klubb på tysdagar godt i gang

Ungdomsklubben i Gamleskulen er no godt igang på tysdagar
melder ungdomsleiar Geir Remme etter tysdag nummer 2
med det nye opplegget. av eit trygt og rusfritt tilbod.
Sist tysdag kom det 3 og i kveld 8
og alderen på ungdommane som vitja klubben var 12 og 13 år
Aldersgrensa er no seinka til fylte 12 år for å nå fleire. Før var det
klubbkveld på onsdagar i Uskedalen.
Les meir31.01.2012

Biblar til femteklassingane

Dei tre neste søndagane vert det under gudstenestene i
Holmedal, Husnes, Valen og Uskedalen utdeling av «BIBELEN –
ei vandring gjennom den store forteljinga» til elevar i 5. klasse.
Dette er ei illustrert bibelutgåve som er laga med tanke på
bruk i skule, heim og kyrkje.
Les meir31.01.2012

Sunde og Uskedalen voks mest ifjor

Sunde hadde ein folketalstilvekst på 68 i fjor medan Uskedalen var
ein god nummer 2 med pluss 33 og desse to skilte seg ut. Grenda opplysar
og at Kvinnherad ved årsskiftet hadde 13 315 innbyggjarar
og det er rekord etttersom talet eitt år før var 13174. Også det
var rekord. Men utifrå dei noko lengre linjeme er folketalet
heller stabilt. Mest attende gjekk Rosendal med 18 og Husnes
gjekk også noko ned - med 10.
Det siste blir forklara med Søral-situasjonen.
Les meir31.01.2012
  Forrige
Neste  
Siste Nyhende
16 uskedelingar i karusellrenn
Les meir[06.02.2012]

Takk frå basarnemnda
Les meir[05.02.2012]

80 på basar trass i snøstorm
Les meir[05.02.2012]

Ikkje overtaking men hjelpande hand
Les meir[05.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS