Festidalen er i mål med årets booking. SEIGMEN kjem! I tillegg har de ibooka Lonely Kamel, Supermale og Highasakite Arrangørane er erstolte over å få Seigmen til å spela på fredagen
Professor i revmatologi Hans-Jacob Haga frå Bergen har heldt foredrag i Kvinnherad fleire gonger før, men i kveld var han første gong i Uskedalen. Dit kom det rundt rekna 100 for å høyra han i Helgheim og dei vart ikkje skuffa. Revmatikarlaets leiing drøymde ikkje om at det skulle koma så mange.
Iidag har brødforsyningane prega bondeaksjonen og allereie grytidleg var aksjonistane i Uskedalen ute og slo ned bodskapen sin på jordet. Der vart det slege fast at det ikkje vartt noko brød utan bondens frø. SPAR opna klokka 8 og bøndene sjølv lensa snart hyllene.
Eg håpar at dykk har lært noko og at dykk lærar det vidare til andre. Det sa kommunikasjonsmedarbeidar Janne Hillersøy i SIM då ho hadde proppa 17 fjerdeklasssingar frå Uskedalen med miljøkunnskap i dag. Ho trong ikkje vera bekymra for ni- og tiåringane la både under og etter for dagen at dei veit forbløffande mykje om emnet. Så hade dei også hatt 10 timar om emnet på førehand.
I morgon går bondeaksjonen over i ein ny fase og den kjem også uskedelingane til å merka. Målsetjinga er å tømma hyllene i butikkane for brød og eit godt råd er difor å kjøpa brød på SPAR allereie når butikken opnar klokka 7. Bøndene sjølve kjjem til å starta sitt innhogg i hyllene eitpar timar seinare.
Det er imorgon tysdag professor Hans-Jacob Haga skal orientera om slitasjegikt i eit foredrag i Helgheim. Møtet tek til klokka 19.30 og det er venta interesserte frå alle delar av kommunen.