Nyhendearkiv |
Båtane kom til Trelastlageret | Problemet med skutene Storm og Kvituren er løyst i alle fall midlertidig. Dei er lagt inntil det store huset til Trelastlageret innerst i Beinavikjo. Leiinga i firmaet synte stor velvilje i samband med båtane.
|  | | Les meir | 28.01.2012 |
|
|
Trubadur i TV-program med Uskedalsramme | Du må skriva at programmet får ein vakker ramme frå Uskedalen. Det sa trubadur og lærar i musikk på Fjell ungdomskule Robert Smith-Hald då han i dag skulle intervjuast om sitt mangfaldige liv av NRK Hordaland på Dønhaug. 20 minutter om mannen som braut med ei sekt i Pennsylvania, USA og flytta til Bergen i Noreg skal inngå i serien Underveis. Sansynleg sendedato er 11. april i NRK 2 og så kjem det reprise i NRK 1.
|  | | Les meir | 28.01.2012 |
|
|
Kvinnherad med Norgesrekord - svakare i Uskedalen | Kvinnherad er landets største hjortekommune og toppar fellingsstatistikken for 2011 med det som truleg er Norgesrekord - 1250 felte dyr - som er 5 fleire enn i fjor. Men i dei fleste valda i Uskedalen er det relativt låge fellingstal. Det er tidlegare sagt til uskedalen.no av ein jegar med lang erfaring at hjortejakta i haust i vår bygd var den dårlegaste på mange år med omsyn til utbytte,
|  | | Les meir | 28.01.2012 |
|
|
Rimestad med nye tekstar til koret | Svein Rimestad skriv tekstar til ei framføring Røysterett for alle skal ha i Folkemusikkveka 2012. Konserten er sett saman av 14 folketonar skriven av Maria Malmsten. Inspirasjonen har ho frå ulike bygder og miljø i Kvinnherad. Syklusen er skriven for kor, solistar, dansarar, fele og trekkspel.
|  | | Les meir | 27.01.2012 |
|
|
Vegard med skotsk reprise | Vegard Døssland, Uskedalens lovande traktør av kornett og flygelhorn, får stadig fleire smigrande oppdrag. No er han for andre gongen engasjert til å spela solokornett i brassens heimland. Sist var han med i Storbritannia.meisterskapet, no kjem turen til det skotske meisterskapet. Bandet uskedelingen spelar for heiter St.Davids Brass.
|  | | Les meir | 27.01.2012 |
|
|
Imponerande gevinstliste | Det er ei imponerande gevinstliste skulemusikken kan lokka med før den årlege basaren som er korpsets største inntektskjelde. Den plar gje rundt 40 000 i kassa og blir denne vinteren avvikla sundag 5. februar klokka 16. Loddsalet har vore igang rundt i bygda ei tid og i dag er det sal på SPAR. Truleg kjem ein ny runde der neste fredag.
|  | | Les meir | 27.01.2012 |
|
|
God dansestart - ny svingom sundag | Berit Harriet og Ivar Kåre Døssland har starta ein ny dansesesong på Helgheim og starten sundag for snart to veker sidan var svært vellukka. Det kom 26 frå heile Kvinnherad og det var også deltaking frå Odda, No håpar det danseglade og entusiastiske paret at det kjem enda fleire sundag klokka 19.30.
|  | | Les meir | 27.01.2012 |
|
|
Like kaldt i dag - går ut over undervisninga | Den låge temperaturen på skulen går ut over undervisninga, som blir amputert når elevane sit og frys og ikkje klarar å konsentrera seg. Det seier kontaktlærar for sjuande klasse Aud Jorunn Seim. Det blir meir fokus på kor kaldt det er enn kva fag dei held på med. Det var omtrent like kaldt som torsdag då elever og lærarar kom på skulen i dag fredag. Det hadde vore ei ny vindfull natt og vinden kom igjen frå søraust.
|  | | Les meir | 27.01.2012 |
|
|
Skogtun held fram som korleiar | Røysterett for alle, det dyktige og populære koret som har basen sin på Helgheim og i Uskedalen, har lagt eit nytt og aktivt år bak seg. Det hadde årsmøtet sitt i kveld og Lars Henrik Skogtun tok fatt på sitt åttande år som leiar. Med seg i styret har han Steinar Naterstad, Magnhild Skogtun, Sidsel Stigum og Randi Ljosnes. No har koret 30 medlemmer etter reduksjon med 1 det siste året og burde hatt 10 fleire, held leiaren fram. Maria Malmsten held fram som dirigent og får ein framifrå attest av medlemmene for innsatsen.
|  | | Les meir | 26.01.2012 |
|
|
|