Nyhendearkiv |
11-åring song med Vassendgutane | Høgdepumktet på Dønhauglåven i natt var det ikkje Vassendgutane sjølve som sto for. Det kom då 11 år gamle Sindre Mathias Jegteberg frå Omvikdalen song med Sunnmørebandet Guten kan truleg dei fleste av låtene til bandet som mange meiner er landets beste i sin sjanger som dei sjølve kallar festcountry..
|  | | Les meir | 12.05.2012 |
|
|
Minikonsert markerte SPAR-opning | Den store. offisielle opninga av nybutikken skjer ikkje før ved månadsskiftet, men før det vil nybygget sikkert bli opna mange gonger. Første gong var i kveld med ein særdeles eksklusiv minikonsert ved ein av våre lokale trubadurar, kaptein Michael Røssland.
|  | | Les meir | 11.05.2012 |
|
|
Nasjonal blomeprakt | Eit bilete frå Neset med det blømande pæretreet til Kjell Yri, flagget og Ulvanåso pryder 17.-maiprogrammet som er lagt ut for sal i SPAR, Lises bruktforretning og Gros Blomster i etttermiddag. Ikkje berre omslagsbiletet er nytt, også deler av programmet er endra - med ein større konsentrasjon om sentrum.
|  | | Les meir | 11.05.2012 |
|
|
Berre Trelasten er konkurs | Det er berre selskapet Trelasten på Sandvoll som er konkurs, fastslår bustyrar og advokat Kjell Petter Neset på Stord på spørsmål frå uskedalen.no Med andre ord berører ikkje konkursen dei 2 selskapa som Geir Rusten har i Uskedalen og som er igang med byggjeprosjekt. | | | Les meir | 11.05.2012 |
|
|
Atle Hansen i fokus på skulen | Atle Hansen som bur på Stord er både visesongar, låtskrivar og forfattar. I denne månaden står forfattarskapen hans i fokus på skulen i Uskedalen og 16. mai (kommande onsdag) kjem han hit. Naturleg nok skal han både lesa, syngja og spela. Bibliotek og lesing er ein del av satsingsområdet til skulen og det er med og motiverar elevane, seier rektor Marie Elisabeth Kaldestad til uskedalen.no
|  | | Les meir | 11.05.2012 |
|
|
Rabben Feriesenter profilert i magasin | Den fyrste utgåva av avisa Sunnhordland sitt sommarmagasin kom til alle husstandane i regionen i dag. Heile fire sider handlar om Rabben Feriesenter og camping som aldri går av moten. |  | | Les meir | 10.05.2012 |
|
|
Trelasten på Sandvoll konkurs, følger for Uskedalen? | For 2 dagar sidan opna Sunnhordland Tingrett konkurs av Trelasten på Sandvoll. Geir Rusten, som er styreleiar, er også i leiinga for fleire prosjekt i Uskedalen, Imidlertid har det torsdag lukkast uskedalen.no å få kontakt med bustyrar Kjell Petter Neset på Stord for å klarleggja eventuelle konsekvensar for desse prosjekta, som eigne selskap står bak.
|  | | Les meir | 10.05.2012 |
|
|
Telenor-trøbbel over i kveld? | Telenors breibandkunder er eit tålmodig folkeferd, men no er tålmodet snart slutt, Imorgon fredag er det ei veke sidan brotet på ein sjøkabel mellom Stord og Bømlo men skaden er enno ikkjeordna. I Uskedalen har det det til dømes hatt konsekvensar for dei handlande som har signert for kvar transaksjon. No håpar alle at saken skal vera ordna i kveld klokka 20 - det er Telenor sin siste lovnad.
|  | | Les meir | 10.05.2012 |
|
|
Gutane frå Ørsta held fram med festen | I morgon er det venta eit nytt fullt hus i Dønhauglåven for då kjem Vassendgutane. Mange meiner at dei 7 frå Åmdalen i Ørsta er det beste festcountrybandet i landet. Dei er utruleg populære og turnelista er fullbooka sumaren igjennom. Både i Uskedalen og dei andre stadene som står på lista blir repertoaret deira prega av innhaldet på Cden Festi ekje slutt, som er bandets plate nummer 9 sidan år 2000.
|  | | Les meir | 10.05.2012 |
|
|
|