 |

Den første i Uskedalen… | Når kom den første bil, den første traktor og det første flyet til Uskedalen? Det kan biletsamlinga til Uskedal Ungdomslag hjelpa oss med.
| | | |
| | | |
| | | |
Den første bilen i Uskedalen kom truleg i 1929 og Kindt tok dette biletet, på ein tur til Utåker 19. september 1929. Bilen var ein Chevrolet 1927-modell og mannen bak rattet er truleg Fritjof Sunde. Bak sit fru Kindt og dottera Edit. Sunde nytta bilen mellom anna som drosje.
| | | |
| | | |
| | | |
Den første traktoren kom til Uskedalen i 1951 og var eigd av Knut Døssland, Andreas T. Haugland og Torgeir Musland. Guten på traktoren er Ivar Kåre Døssland.
| | | |
| | | |
| | | |
Bjørne Myklebust tok biletet av det første flyet som kom til Uskedalen i 1931. Det landa i Beinavikjo.Flyet er av typen Hansa Brandenburg W.33. Eit tysk rekognoseringsfly, konstruert i 1917. Desse flya vart nytta av Marinens Flyvevesen her i Norge. Flya vart lisensproduserte i marinen sin flyfabrikk i Horten. I alt 24 fly av denne typen vart produsert, i tillegg kom 6 fly frå Hærens Flyvevesen.Dei fleste av flya var utstyrte med ein 260 hk Mercedes motor. Vengespenn 15,7 meter og lengde 11 meter. Maks fart var 160 km/t. Det første flyet gjekk på vengene i september 1921 og dei siste flya vart stilt i reserve i 1933. | | | | | | | |
| |
 |