Frå Harald Sætre, utflytta uskedeling som no bur i Indre Arna, har heimesida fått dette biletet av MS ”Halsnøy”, Det var den siste passasjerbåten som hadde anløp i Uskedalen. Sætre tok biletet ein søndag ettermiddag i august 1976 og syner folk som er på veg til Bergen etter helgebesøk.
Denne båten gjekk på 1960- og 1970-talet i Kvinnheradrutene, ei gamal rute som i si tid gjekk frå Bergen/Os til Mauranger. Etter at vegen kom til Mauranger, gjekk ruta til Rosendal og Snilstveitøy. Frå 1978 gjekk ruta berre mellom Herøysund og Os. Og det er denne ruta som no vert lagt ned frå årsskiftet.
Det var mange uskedelingar som var med og førte kvinnheringane trygt til og frå Bergen, med både god mat og framifrå service ombord på MS Halsnøy.
Kapteiner: Trygve Bakke og Johannes Sunde. Maskinsjef Jan Henrik Hansen. Stuert Olav Hauge. Kaptein Johannes Sunde og Maskinsjef Jan Henrik Hansen var med då båten vart teken ut av rutefart, og lagt i opplag ved Bergegrend.
Harald Sætre har i 25 år vore aktiv i Veteranskipslaget Fjordabåten som tek vare på to gamle rutebåtar – MS ”Granvin” og DS ”Stord”. Begge har gått i rutefart i Hardanger og Sunnhordland. Uskedal hadde to båtstopp på Myklebust (HSD og Lønningdalsbåten som hadde eigen kai) og på Beinavikjo (Uskedalen). Difor var bygda sentral til ut på 1960-talet når det gjaldt anløp av lokalrutebåtane. Som oftast var det fleire anløp kvar dag.
|