Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Sverre – ein matador frå Uskedalen

Klikk på bilete for full storleik
Sverre 1042 – ein uskedeling som sette spor etter seg! (Bilete i heftet til Berge Sæberg om storfe og meieribruk i Kvinnherad)
 
Ved århundreskiftet vart Uskedalen ei førande bygd i avlsarbeidet med storfe, skriv Berge Sæberg i heftet om storfe og meieribruk i Kvinnherad som han ga ut sommaren 2006. Her i dalen vaks det fram eit miljø der mest alle bønder var med.
 

Sæberg nemner spesielt Torgeir J. Musland, som var leiar i feavlslaget og ein dugande rettleiar. I 1897 selde han kua Blomma til Lars S. Tjelle i Skånevik. 28. mars dette året fødde Blomma ein oksekalv. To år gamal, i mars 1900, vart den raude og kollete ungoksen seld til C. Lund på Husnes og i august same året vidare til Uskedalen Feavlslag. Oksen heitte Sverre 1042 og salssummen var svimlande 625 kroner.

Oksen fekk første premie på tre utstillingar og kom på ein heilt suveren måte til å setja preget på Vestlands Raukollfe.. På tre år snudde han om heile avlen av storfe i Sunnhordland og Kvinnherad til raudkoller.

Han vart ein matador med 39 stambokførde søner og 21 døtrer. Han fekk mange annenpremiesøner etter seg og dessutan fine døtrer med høg produksjon for den tida.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
16 uskedelingar i karusellrenn
Les meir[06.02.2012]

Takk frå basarnemnda
Les meir[05.02.2012]

80 på basar trass i snøstorm
Les meir[05.02.2012]

Ikkje overtaking men hjelpande hand
Les meir[05.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS