 | | (bileteigar: Harald Sætre) |
Skuletur til signingsferd
Dette biletet er frå ein skuletur skulen i Uskedalen og på Haugland hadde på 1950-talet. Truleg er det frå ein tur til Stord i 1957 i samband med signingsferda tgil Kong Olav. Til høgre ser vi lærarane Jon Holte og Sigurd Haugland. Elevane er frå venstre Torfinn Myklebust, Torkjell Stensletten (halvt skjult), Arvid Døssland og ein ukjend.
Slike skuleturer var årvisse og det vart nytta båttransport, som oftast med ei skøyte som var ledig. Den lengste turen Harald Sætre (som har sendt oss biletet) var med på, gjekk til Stend jordbruksskule i Fana.
|