Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Uskedal Skulemusikk

Klikk på bilete for full storleik
Skulemusikken spelar i kyrkja - julekonsert 2010. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
Klikk på bilete for full storleik
Den kjende tubaisten Pål Magne Austnes har samarbeidd med skulemusikken
 

Uskedal skulemusikk

Uskedal skulemusikk vart skipa 1969 som arvtakar etter Uskedal gutemusikk som slutta av i 1966. Første åra hadde korpset janitsjarbesetning, men minkande medlemstal gjorde at det på årsmøtet i1986 vart bestemt at korpset skulle leggja om til brassband-besetning.

Sjølv om det har vore skiftande medlemstal, har aktiviteten i korpset vore jamnt god. Sviktande medlemstal gjorde at ein i nokre sesongar samarbeidde tett med nabokorpsa i Omvikedalen og  Herøysund.

 

Medlemstalog til  bod

Dei seinare åra har medlemstalet vore stabilt på i overkant av 20. Dei siste åra har talet vore minkande.  Sjølv om tilgangen på aspirantopplæringa har vore god, har altfor mange slutta før dei kjem skikkeleg i gang med denne hobbyen.  Korpset har ei solid og stødig gruppe av tenåringar.  No består korpset av 14 positive og svært lovande musikarar.  Aldersspennet på musikantane er frå 9 -17 år.  I tillegg har korpset i år 6 aspirantar.  Dei er elevar i kulturskulen.

Korpset har eit tett og godt samarbeid med Rosendal skulekorps, Samarbeidet har bestått av samarbeid om NM-deltaking, større konsertprosjekt og turar.   Konsertopplegga med trompetisten Frank Brodahl (”Gonna fly now”), våren 2008, og med tubaisten Pål Magne Austnes og slagverkaren Stian Villanger (”Ungt Blod”), våren 2009 vart kjempesuksessar både publikumsmessig og musikalsk.

 

Tor Skeie Olsen overtok dirigentpinnen hausten 2010 og er såleis i gang med sin første sesong.  Han arbeider svært godt med det musikalske,og med sitt sosiale og vennlege vesen er han alt blitt svært populær i musikargruppa.

 

I tillegg har tre av dei eldste musikarane, Birgitte Hjelmeland, Lene S. Myklebust og Kaja Døssland, enkeltimar kvar veke med dei yngste medlemmene i korpset.  Dette tiltaket er nødvendig og særs vellukka.

 

Gjennom god undervisning,  og sosiale tiltak er skulemusikken eit godt fritidstilbod til deiunge i bygda. Her kan ein trygt seia at dei lærer for livet. Dei får med segnoko som dei vil ha både nytte og glede av seinare.

 

Musikalsk mannskap 2010/2011:

Dirigent : Tor Skeie Olsen

 

Kornettar: Vegard Døssland, Kaja Døssland, Eirin R. Kjærland, Sondre S. Myklebust, Lars A. Sæbø, Frida Nybakk, MereteMyklebust

 

Althorn: Birgitte Hjelmeland og Ann Helen Rød

 

Euphonium/baryton: Lene S. Myklebust, Emilie Bringedal og Mia S. Myklebust

 

Tuba: Marita Kjærland

 

Slagverk: Sindre Aksnes

 
 

Tillitsvaldem.m.:

Styret:Monica T. Storevik, Marit Stensletten, Anne Jorunn Kjærland,  Anne M.Aksnes, Birgitte Hjelmeland (musikarrepr.) og Vegard Døssland (musikarrepr.)

Utsendingar  til bingo: Anne Kjersti Lunde.

Uniformsforvaltar:Gro Hjelmeland.

Instrumentforvaltar:Steinar Naterstad.

Rekneskapsansvarleg: Randi Nybakk

 

Øvingstid: Kvar tysdag kl.18.00 – 20.00 i Aktivitetshuset.

 

Seminar: Korpset plar å ha minst eitt helgeseminar kvart halvår

Då leiger ein inn unge og dugande instruktørar.

Av og til reiser ein vekk på seminar. Fireav dei fem siste åra har korpset delteke på Karmøy Brass festival, og det har vore ein suksess.

 

Turar: Vanlegvis har korpset ein avslutningstur på sesongen, og elles reiser ein på turar i samband med ulike arrangement.

Sesongen 2008/09 vart avslutta med ein kjempekjekk tur til København.  I tillegg til to vellukka opptredenar baudturen på mange flotte opplevingar.  Etter tusenårsskiftet har korpset m.a.vore på turar til Oslo (2 gonger, NM og Festival), Tusenfryd, Bø Sommarland (Festival), Stavanger (NM), Kongeparken, Bergen, Tysvær, Karmøy, Kinsarvik,Vossafestivalen  og nokre turar i Sunnhordlandsregionen.

 

Musikantar i fleire samanhengar: 

 

Rosendal Musikklag har eit godt tilbod til dei eldste i korpset som ønskjer å utvikladenne hobbyen vidare.  Då får dei mellom anna delta både i NM og SiddisBrass. Bjørn Naterstad(trombone), Vegard Døssland(kornett), Birgitte Hjelmeland (horn), Lene S. Myklebust(euphonium), Kaja Døssland(kornett) og Sindre Aksnes (slagverk) har spela med Rosendal Musikklag denne sesongen. I Siddis Brass 2010 fekk korpset ein flott 4.plass i 3. divisjon.  I tillegg vann Vegard Døssland den gjeve solistprisen.  Ungdommane hjelper og til musikalsk når Uskedal Musikklag vert samla til spellingar.

 

HUBB: Vegard Døssland er i gang med sin fjerde sesong i Hordaland Ungdoms Brassband (HUBB) .  No har han fått selskap av 3 andre skulemusikkmedlemmer: Sindre Aksnes, Kaja Døssland og Birgitte Hjelmeland.

 

Brazzooka:Sindre Aksnes og Vegard Døssland spelar i Riot-jazz-bandet Brazzooka saman medmedlemmer i Rosendal skulekorps og Langeland skulekorps.  Bandet har hatt mange opptredenar med stor suksess.  Dei spela m.a. på den vidgjetne Sildajazzen i Haugesund i august 2010.

 

Andre samanhengar:

Vegard Døssland har hatt fleirespeleoppdrag med Rosendal Jazzverk. Han spela og med Sagvåg Musikklag i SiddisBrass 2010.

I tillegg har Vegard hatt ein del solistopptredenar.  M.a. hadde han ein vellukka solistkonsert på Vangsago (150-170 publikummarar) under Rosendal Musikkfestival 2010. På denne konserten, og også på andre opptredenar, var slagverkaren Sindre Aksnes med i bandet som akkompagnerte Vegard.

 
 

Bingo: Kvar onsdag kl.19.00 i Helgheim,i samarbeid med

ungdomslaget.Dette er største inntektskjelda til korpset.

Andre inntektskjelder er kvart år: basar, førjulslotteri, støttemedlemsskap og gåver/tilskot.

 

Aspirantopplæring: Opplæringa har gjennom mange år føregått i kulturskuleregi.

Tilbod vert gjeve til elevar i 2., 3. og 4. klasse i mars månad.

Søknadsfrist i kulturskulen er vanlegvis 1.april.

Aspirantperioden er vanlegvis eitt år.Etter det kjem dei inn i korpset, men det er vanleg at dei i tillegg held fram som elevar i kulturskulen.

Våren 2011 vil det verta vurdert om korpset skal halde fram med denne ordninga eller om dei skal setja i gang eianna form for nybegynnaropplæring.


 
Klikk på bilete for full storleik
Medlemmene i skulemusikken ser fram til å samarbeida med Rosendal skulekorps også denne sesongen. Biletet er teke i samband med Brodahl-prosjektet våren 2008.
 
Årsmelding 2007/2008
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
16 uskedelingar i karusellrenn
Les meir[06.02.2012]

Takk frå basarnemnda
Les meir[05.02.2012]

80 på basar trass i snøstorm
Les meir[05.02.2012]

Ikkje overtaking men hjelpande hand
Les meir[05.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS