 |

Uskedalen Helselag |  | | Innsamlarane frå Uskedal helselag klåre for innsamling til Demensaksjonen |
| | | Uskedal Helselag vart stifta i 1917 og er tilknytta Nasjonalforeningen som er ein frivillig humanitær og upolitisk organisajon. | | | |
| | | |
Laget har 114 medlemmer og har møter på AFA andre måndagen i månaden. Laget yter kvart år midlar til hjarteforskning, kreftforskning og tuberkulose i regi av Nasjonalforeningen.
| | | |
Årlege aktivitetar er basar, bøsseinnsamling mot demens, sal av Nasjonalforeningens hjartelodd, ' Syng med oss 'på Rosendalstunet, fotpleiebehandling, strikking av babysokker til 'Føden' på Stord og julegåver til pasientane ved Valen Sjukehus.
| | | |
Uskedal Helselag gjev økonomisk midlar til lag og aktiviteter i Uskedalen, ellers i Kvinnherad og på landsbasis. I 2008 nådde pengegåvene 47.054 kroner.
| | | |
På foreningsmøtene prøver laget jevnleg å få inn foredragshaldarar som fortel om aktuelle saker av interesse for medlemmene i laget.
Helselaget ynskjer fleire aktive medlemmer, som vil vera med i eit meiningsfylt arbeid.
| | | |
Vil du vera med i laget, er du hjarteleg velkomen.
Ta kontakt: Selma Eik tlf nr: 53 48 64 25
| | | |
Styret i 2009 er samansett slik: Leiar : Selma Eik Nestleiar : Berit H. Myklebust Kasserar : Hilda Guddal Skrivar : Inger Moberg Styremedlem : Margit Eik
Varamedlemmer: Martha Bakke og Berit Harriet Døssland. | | |  | | Styret i 2009: Foran sit Berit H. Myklebust, Selma Eik og Inger Moberg. Bak står Margit Eik, Berit Harriet Døssland, Hilda Guddal og Martha Bakke. |
| | | | | |
| |
 |